juni 18, 2015


Nett no visar Trondheim Kunstmuseum, avdeling Bispegata, ei flott sommarutstilling. Utstillinga er faktisk i seg sjølv eit verk med tittelen Collection, laga av kunstnaren Martin Tebus. Han har gått igjennom heile kunstsamlinga til museet og valt ut ca. 500 av omkring 6000 verk. Desse utvalte verka har han delt inn i ulike tema og gitt kvar sitt rom. Eit av romma i utstillinga har fått namnet Mat i samanheng og her kan du blant anna oppleva eit verk av Joseph Beuys. Verket heiter Defence of Nature og er eit objekt (vinflaske med innhald), som vart gitt til museet i gåve i 1983. Det som kjenneteiknar kunstnarskapet til Joseph Beuys er hans interesse for at kunst skal ha ei sosial verdi og at alle kan spela ein aktiv rolle i ein kreativ prosess. Beuys er også kjent for å bruke naturlige materiale i sine verk. Tildøme å plante eit tre, kan vera ei kunstnarisk handling og påverke planeten positivt i hundrevis av år.
 
Utstillinga i sin heilhet er inspirerande og spesielt Beuys verk, som fekk oss i tankar om at det ville vore ein god ide med ei lita vinsmaking innan neste Kunstkantine. Kva er vel betre enn kald rosévin no i sommar(varmen)?
 
Til vinsmakinga valte me ut tre vinar. Meinklang Prosa, som er ein biodynamisk vin frå Austerrike. Cono Sur Los Gansos, ein økologisk rosé frå Chile og Neiss Weissherbst frå Tyskland. Alle tre laga på drua Pinot Noir. Meinklang er perlande med naturleg kullsyre. Den passar fint for seg sjølv, eller som aperitiff. Los Gansos har ein smak som endrar seg i munnen. Førsteinntrykket er saftig og litt syrleg, men bærnotane gjer seg eigentleg gjeldande ganske raskt og etterlatar ein frisk smak. Innhaldet i Neiss-flaska har ein veldig delikat farge, ikkje rosa men meir ein lys ferskennyanse. Dette er den mest syrlege vinen av alle dei tre og hadde kanskje ein litt for ung smak i forhold til våre preferansar. Valet vårt fall på Los Gansos Pinot Noir Rosé då me skulle kåre ein favoritt. Og det er altså denne me vil servera til forretten neste gong me inviterar til middag.

Helsing frå Heidi-Anett & Lena Katrine

Bilde ein: Frå utstillinga på Trondheim Kunstmuseum.
Bilde to: Defence of Nature av Joseph Beuys.
Bilde tre: Vinsmaking på atelieret.
Bilde fira: Skål!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar