juli 27, 2015


På pikniken me nyleg haldt på Rake Visningsrom var Susanne Skeide Kantinekunstnar. For anledninga hadde ho laga eit verk med tittelen Det Stille Koret, beståande av ei gruppe på fem skulpturar. Susanne  har vore Kantinekunstnar ein gong før også, den gong innandørs på Rake Arbeidsfellesskap. Pikniken den 11. juli var fyrste gong Kunstkantina skulle vera utanfor i sola, og utearealet omkring Rake Visningsrom vart arenaen Det Stille Koret skulle visast.

Eg (Heidi-Anett) hadde lyst til å høyra litt om bakgrunnen til verket Susanne utstilte:
 

Du har utstilt før på Kunstkantina, men då innandørs. Kva var forskjellen?
Når ein utstillar utandørs spelar omgivandene ofte mykje inn og kan faktisk ende med å ta heilt overhand over verket. Den flottaste ting kan jo forsvinna heilt. Ein kan heller ikkje heilt planleggja, iallfall ikkje så pass raskt som eg arbeida i denne samanhengen her, så dermed måtte me vera opne for at det kunne oppstå ukontrollerte ting. 

Men det med ver og vind, spesielt fordi Rake ligg nede ved hamna, var det eg tenkte mest på. Kor mykje ville det blåsa? Eg sjekka vêrmeldingane, og det er ikkje noko ein plar tenkja på når ein lagar kunst: at ein må inn på yr.no å sjå kor mykje vind det blir den dagen ein skal utstilla. Med at installasjonen bare skulle stå ein dag trengte eg ikkje tenkje på at materiala måtte vara så og så lenge. Eg hadde fridom i forhold til det.

På pikniken var det ikkje ein gitt plass eller vegg forutbestemt for kantinekunstnaren. Korleis forholdt du deg til plasseringa på uteområdet rundt Rake visningsrom?
Eg hadde arrangert formane på førehand og bestemt kvar dei skulle stå i forhold til kvarandre, så akkurat det var veldig klart. Men akkurat kvar dei skulle vera vart bestemt då eg kom dit. Eg tenkte: Kvar ville det vore naturleg å stilla eit kor? Om det skulle vera eit kor tilstade på dette uteområdet, under denne eventen, jo då det hadde stått akkurat der! Og då vart det sånn.

Kor kort tid hadde du på deg frå du vart invitert til å stilla ut, til du skulle stilla ut?
Tre dagar. Det var litt skummelt så klart, å laga noko på så kort tid for så å visa det fram. Når det står der, så må det stå der. Ein kan ikkje unnskylda seg. Dessuten veit jo folk som kjem ikkje at verket er laga på kort tid. Allikevel er det faktisk veldig bra å jobba så fort for då kan ein ikkje vera så sjølvkritisk. Eg hadde ikkje tid til å overanalysera alt heile tida. Under dei tre dagane eg jobba var prossessen veldig intuitiv og det var befriande. Ein fin ting med å jobbe raskt er at ein bare må følgja magekjensla. Har ein for god tid derimot, så driv ein og intellektualiserer alt ein gjer. Det er fint å prøva å stola på seg sjølv.
 
Byrja prosessen fram mot det ferdige verket fyrst no, då du skulle stille ut i anledning piknik på Rake Visningsrom? 
Eg tenkjar på verket som ein pågåande prosess og har jobba mykje med skisser og visuelle lydar før ferdigstillingen. Eg har også jobba ein del med formane og nokon av dei har stått sånn halvveis ferdige på mitt atelier ganske lenge. Dei er stille lydar. Visuelle stille lydar. Kunstkantina var ein anledning til å køyra på og lage koret på fem.

Men kvar kjem desse lydane frå? Har du høyrt desse lydane? Eller er det lydar du har inni deg?
Det er eit samansurium av lydar eg har høyrt. Dei er ikkje så konkrete. Det er meir at eg til dømes vil ha ein skarp skjerande lyd som skrik opp, og så kan eg jobba med skisser og arbeida meg fram til kva som kjennes rett, og korleis det skal bli. Denne gongen var det ikkje så god tid å arbeida med skisser, men det er slik eg pleier å jobbe.

Kvifor fem?
Det skulle vera enten tre eller fem. Hadde det vore tre så hadde dei kanskje
representert tre kordamer i eit rockeband. Med fem så blei det ein anna type kor.
 
Eg hugsar du har nemnt tidligare at det Stille Koret har noko med einsemd å gjera.
Ja, det var ein periode kvar eg tenkte at no følar eg på einsemd. Eg kjente på einsemd i forhold til mange ting i livet. Eg tenkte på alle ting mange har, til dømes eit kjæledyr eller plantar. Og eg hadde ikkje noko av delane. Eg ynskja på ein måte å ha noko å kommunisera med. Noko som gav lyd frå seg, noko eg kunne høyra. Då fekk eg tanken om å laga ein samling av lydar kvar eg sjølv skapte dei lydane eg ville ha og trengte.

Kva med tittelen?
Den datt bare ut av meg i samtale med Lena to dagar før utstillinga. Eg hadde alt gåande, og det heile skulle skje så raskt. Det einaste eg visste var at tittelen skulle ha noko med kor å gjera. I det augneblunk eg sa høgt at verket skulle heita Det Stille Koret, så tenkte eg, okay! Det SKAL vera tittelen! Det er veldig deiligt når ein finn på tittlar på den måten. 

Kva inspireras du av?

Av kunstnarar så inspirerer meg så er det blant anna Sigurdur Gudmundsson, Agnes Martin og Louise Bourgeoise. Og kanskje blir eg meir inspirert av bøker enn kva eg trur. For eg les veldig mykje, men det kan ta lang tid før eg følar at eg brukar noko av det eg har lese. Eg har laga fleire verk som har vore direkte inspirert av kva eg les. Film inspirerer meg og veldig. På ein måte så følar eg ikkje at eg får så mykje inspirasjon av ting. Eg følar meir at inspirasjon er noko ein tek. I periodar der ein går på atelieret og har ein klar driv og køyrar på så tenkjar eg lite på anna. Då kan ein ikkje sjå så mange ytre inspirasjonskjelder. Men så stoppar det sjølvsagt litt opp, og ein begynner med jamne mellomrom å tenkja. Og tvila. Nokon gonger følar ein seg heilt tom og tenkjer no har eg ikkje noko meir å sei, eller noko meir å gjera. Eg kjem aldri til å få ein ny idé! Då er det mykje meire vanlig for meg å venda meg til bøker og andre kunstnarar, vener og omgivnaden rundt, og heller gripe inspirasjonen fordi ein treng den. Som ein slags olje til motoren, og så går ein på den igjen.

Og heilt til slutt, så klart, kva var din favoritt av det som vart servert på kunstkantinepikniken?
Trønderdrinken, beståande av ingefærøl og akevitt, var veldig god!

 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar