august 31, 2015


Det er ganske for nyleg eg har funne ut av at Trondheim har ein forfattarbolig og at det kvart år i slutten av august blir haldt litterær hagefest der. Og for ein beliggenhet og for ein plass. Ja, det er ikkje til å leggje skjul på at eg til tider drøymer meg bort til å sjølv kunne gje ut ei bok ein dag, melde meg inn i Trøndersk Forfatterlag, og dermed kunne søkje om å bu der. Men det er nok mange veldig gode kandidatar som søkjar kvar gong, for kven vil vel ikkje ynskje å kunne kalla Adrianstua for heime. Det var iallefall mange som fant vegen til Ringvebukta i går, sjølv om himmelen lova regn. 

Det eg verkeleg såg fram til frå hagefesten sitt program, var å høyra debutantane lese opp. Eg finn det veldig inspirerande og flott å høyre forfattarar lese høgt frå sine eigne bøker, med si eiga stemme, ord, pausar, rytmar, tonar og klang. Som eg alltid gjer når eg skal på eit arrangement googla eg i forkant dei som skulle bidra, og i notatane mine teikna eg hjartar ved namna Margrethe Aas og Marte Huke. Magrethe er frå Fræna og er nok oppvaksen nære havet, det tenkjer eg må ha vore fint. No som voksen er ho blitt arkitekt og skriv om byen i diktsamlinga Vy. Marte Huke har gjett ut fleire poesibøker og nettopp også utgjeve sin fyrste roman. Då Marte leste frå den nye boka si Naturhistorie så høyrtes det for meg ut som at stemma hennar var nær med å bresta i gråt. På nettet fant eg dette utdraget frå boka: ”Jeg savner ingen. Jeg vil sove. Elva går forbi, slutter ikke å renne. Den leter seg blindt fram, finner sine veier. Flommer over breddene, skaper nye løp”. Eg har ein sterk trang til å lesa vidare.

Hagefesten gjekk mot slutten då det plutseleg dukka opp på himmelen den mest fargerike regnbogen eg har sett nokon gong. For ei avslutning. Eg gledar meg allereie til neste år. Om ein gjekk glipp av arrangementet eller berre ynskjer å høyre meir av Margrethe Aas  og Marte Huke, så er det framleis mogleg. Eg anbefaler at du tek deg turen til slippfest den 8.september klokka sju på Moskus. Me sjåast der!


Med venleg helsing Heidi-Anett

Bilete ein: Siv Gørli Brandtzæg i samtale med årets hagegjest Erlend Loe.
Bilete to: Adrianstua ligg ved Ringvebukta i Trondheim og er ått av Trondheim kommune. Trøndersk forfatterlag leig ut huset til lokale forfattarar i femårs-periodar. Kvart år haldast eit ope litterært arrangement i hagen.
Bilete tre: Margrethe Aas les høgt frå diktsamlinga Vy til alle dei frammøtte gjestane.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar