august 18, 2015


Her er nokre stemningsfulle bilete frå sist Kunstkantina tekne av Katarzyna Chrzanowska. Ho var ein av dei 20 heldige gjestane som fekk oppleve den velkomponerte menyen vår gjestekokk Tore Reich hadde satt saman. Sidan me ikkje sjølv skulle laga maten trudde me at det kom til å bli mykje tid til å fotografera, men mellom å vera vertinner, servitørar og kjøkkenassistentar vart det ikkje plass til noko meir. Du kan sikkert tenkja deg at me vart veldig glade då me dagen etter fekk ein mail fylt med flotte bilete frå middagen tekne av Katarzyna utan at me hadde bedt ho om å gjera det. Når me no delar dei her på bloggen kan me nesten kjenna smaken frå den gode maten og ser frem til neste gong som me allereie er i gang med å planleggje.

Me sjåast snart!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar