august 07, 2015


Lena har vore på sommarferie, og nett no kome heim. Medan ho var bortreist ordna eg med praktiske ting som angår kunstnarduoen vår: printing av fotografier, innramming, bygging av fraktekassar samt
frakting hit og dit. På veg heim frå jobb, sovande på bussen, har eg to gonger blitt vekt av oppringing frå rammebutikken om print som var 1 cm for lite i bredda / 1 cm for lite i høgda, til å kunne passa i rammane dei skulle vera i. Midt mellom desse oppringingane fekk eg tilsend heile facebookmeldingskorrespondansen mellom Lena og Kunstkantinas fyrste gjestekokk Tore Reich, med spørsmålet, kan du skriva eit blogginnlegg om neste Kunstkantine-middag? Og såklart kunne eg det: 

Det nærmar seg neste middag på Kunstkantina og denne gongen har me invitert inn ein gjestekokk. Det kjennes stadig uverkeleg at me faktisk ikkje skal stå over grytene sjølv, men at nokon annan tek seg av den delen.
Menyen som vår gjestekokk Tore Reich skal laga blir ikkje endeleg sett saman før dagen før. Fyrst då veit han for sikkert kva råvarer han har til rådighet. Men han satsar på ein forrett basert på sesongens grønsaker og skaldyr, nemleg jordskokksuppe med reker og blomkål. Hovudrett blir antageleg bakt kvit fisk (brosme, viss dei har det på Ravnkloa når han skal handla inn). Tilbehøret tenkjar han skal vera potetpure med trøffelolje eller noko liknande, rotrøsti og sherrysjy. Han veit ikkje kva kvileretten (som er eit nytt ord for meg) skal vera enda, men han tenkjar på å bruka noko frå sin eigen grønsakhage. På grunn av den kalde sommaren som har vore ligg alt av grønsaker tre veker bak i tid, og det det blir spanande å sjå kva han endar opp med. Sjølv skal me stå for velkomstdrink, val av vin til maten, grytebrød og desserten.

Eg likar søtsaker, og har i løpet av dei to siste dagane ete dessert før middag. Eg trur ikkje det er noko eg skal fortsetja med, men det har i alle fall spela hjernen min eit puss og fått meg til å tru at eg har sommarferie. Lena har nett investert i ei bok av Yotam Ottolenghi som har inspirert ho i retning av å laga plommekompott til dessert. Dette fekk igjen Tore i tankar om ein dessert som var livretten hans i gamle dagar; Kaisersschmarrn med romrosin og plommekompott. Så no står det mellom den austerriske pannekaka og mjølfri sjokoladekake overdynga med ferske bær.
Lena og eg er framleis i  tenkjeprosess med å finna ut kva velkomstdrinken skal vera, men ein ting er sikkert og det er at den kjem til å innhalde Prosecco.


Tore Reich har tidlegare gjeve ut ei bestselgande kokebok på miniforlaget Beijing Trondheim. Opplaget er snart utsolgt, men det vil væra mogleg å få kjøpa seg eit eksemplar under middagen om ein skulle ynskje det.


Hjarteleg helsing Heidi-Anett 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar