januar 03, 2016


I november sist år hadde me ei utstilling på Studio 17 i Stavanger og heldt i det høve siste Kunstkantine-middag i 2015. Me hadde fått låna Rogaland Kunstsenter sitt bibliotek for anledninga og dekka på møteborda med ubleika bomullsstoff og heimesydde serviettar, pynta med vernissasjeblomar frå kvelden før og laga boeuf bourguignon sitjande på golvet i kunstsenteret sitt galleri. 

Same dag som middagen skulle haldast vakta me også utstillinga. Det vart Lena som sprang rundt i Stavanger for å kjøpa alle ingrediensane til maten medan eg (Heidi-Anett) sat vakt. Det er ei spanande utfordring å manøvrera rundt i ein ny by for å finna matvarer til matrettar ein har komponert saman med sin beste ven. Stavanger var ikkje så ny for meg, sidan eg er fødd der, men mykje har endra seg sidan eg var der sist for ni år sidan. Eg er imponert over Lena som fant fram, og fekk kjøpt alt me trengde, til og med då vêret også vart sånn typisk Stavanger med øsande, pøsande regn og vind så var ikkje det noko hindring.

Me har allereie ein del servise, glas og bestikk som me har kjøpt inn til Kunstkantina, samlinga veks for kvar gong me inviterer til spisning. Til middagen me heldt i Stavanger tok me med oss Kunstkantina sine eigne vinglas, men alt anna servise, glas og bestikk som me hadde bruk for, fekk me låna av Fretex Mariero. Det var fantastisk å få moglegheita til det, og me er veldig takksame. Me fann så mykje fint at me enda faktisk opp med å kjøpa ein heil del av det, for så å ta det med oss heim att. Middagen var vellykka, gjestane ville ikkje gå, men til slutt måtte me likevel seia at det var på høg tid. Så rusla me sjølv heim til Gamlebyen der kunstnarleiligheita me hadde fått låna av Stavanger Kommune ligg. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar