mars 28, 2016

  
Opp ei trapp, igjennom ei branndør, og ei til dør, så er ein hjå Tobias Liljedahl. Skråtak og et kjøkken laga av fleire samanslåtte kott. Eg er ikkje så høg, så eg får god plass der, medan Tobias er høg og har blitt van med at han må stå litt bøygd for ikkje å slå hovudet. Heilt inn til kjøkkenbenken får han plass, og kokar opp litt tevatn før me skal gå i gang med intervjuet. Lena vil nok ha kaffi seier eg, Lena kjem snart, ho er på veg.

Tobias skal vise ein kortfilm på neste Kantinekino og her er noko av hans tankar:

Kan du fortelja litt om det du har tenkt å visa på Kantinekino?
Eg skal visa ein kortfilm på 14 minutt som er eit resultat av eit arbeid som eg har haldt på med over lang tid. Tidlegare har eg arbeida mykje ut frå manus, medan med denne filmen har eg prøvd å finne ein arbeidsmetode som er meir materialbasert. Prosessen fram mot endeleg verk har vore å gjera mange forskjellige opptak av situasjonar som eg har hatt i tankane. Desse opptaka har eg samla over lang tid, og så byrja eg å klippe dei saman til eit narrativ som igjen vart ei samansetning av bileter. Seinare tok eg utgangspunkt i desse bileta for å gjera nye opptak som eg følte mangla i det som allereie var. Etter kvart bytast alle opptaka ut, med nye opptak.

I kortfilmen din ”Here I am” (2012) brukar du deg sjølv som hovudkarakter. Kan du sei noko om korleis det er, og kva fordelar du ser med å bruke deg sjølv framfor kamera?
Det har heilt klart ein praktisk grunn sidan eg er lett tilgjengeleg og kjenner meg sjølv. Dermed er det også lett å skriva manus til seg sjølv kva gjera og kva seie, som eg dermed veit vil virke naturleg for meg. Når eg brukar meg sjølv som hovudkarakter er det veldig viktig å ha med seg nokon som ein stolar på bak kamera som ikkje bare filmar, men også ser kva ein gjer.

I ”The Expedetion” (2013) er du bak kamera, medan hovudkarakteren er ein mann åleine ute i naturen. Korleis er det å bruke andre enn deg sjølv som karakterar i kortfilmane dine, og kva utfordringar ligg det i det?
Det er eigentleg veldig vanskeleg fordi det er vanskeleg å formidla kva ein er ute etter. Kommunikasjonen med skodespelaren må bygge på at skodespelaren er veldig flink og får til det som skal gjerast av seg sjølv meir eller mindre. Når eg leitar etter skodespelarar gjer eg type casting. Eg tenkjar på kva eg vil ha, og så prøvar eg å finne ein person som er så lik det eg vil ha som overhovud mogleg.

Korleis er kommunikasjonen?

Framfor alt går det ut på å forklara kva eg forventar av den karakteren. Og så blir det mykje opp til dei å gjennomføra det. Det som er vanskeleg er å sjå dei små nyansane medan eg gjer opptak, å sjå kva som kunne vært litt annleis der og då, ting som er lett å sjå når ein seinare sit å redigerer.

Det er ofte humor i arbeida dine, kva ynskjer du å få fram med den?

Humor kan vera ein form for alvor når ein brukar det på ein bestemt måte. Eg vil ikkje at humor skal fungera som ein distanseringsmetode for å unngå å ta i ting, men eg vil gjerne ha det med som ein kontrast til det høgtidlege.
 
Det kjennes som om tilfeldighetar får ta plass i dine kortfilmar. Det kan tildøme vera at i nokre klipp er kamera handhaldt og ristar, eller det kan være regndropar på kameralinsa.
Oftast er det at det som er der får ta plass. Det blir som det blir, og det er ikkje så nøye å ta det vekk. Det er små omstende, som dukkar opp av ulike grunner.

Du framstiller i nokre av dine arbeid menneske åleine i naturen. Sjølv om dei oppheld seg i naturen, verkar det ikkje som om dei kjem noko nærmare den. Det oppstår ei slags einsemdskjensle, kan du fortelje meir om den?
Nokon av dei karakterane eg har hatt med har ofte ein romantisk lengsel etter noko, så blir det den såkalla naturen som dei prosjekterer den lengselen på. Dei gjer eit slags forsøk på å søka seg til noko, som skal vera det sublime. Det ligg ein type humor i den premissen, at det allereie er mislykka før ein har begynt. Det er ein type einsemd som eg kjenner på, tenkjar på og funderer på kva kjem av. Eg følar litt at eg testar ut situasjonar for å leva litt i det. Mulige scenario, for å sjå kva ein kan føla i det scenarioet. Det er ein ting som er kult med film eller video på sitt beste at ein har ein type direkte tiltale, det kan fort tale til deg emosjonelt, det er effektivt. All kunst kan det, men video og film har bred appeal til emosjonelle intrykk, akkurat som musikk også har. Ein blir dratt inn i det situasjonen, sinnstemninga og ønsket filmen prøvar å formidle. 

Dine val innan filmmediet er ofte å la det vera tid for tilskodaren å dvela med bileta. Ein ser tildøme personar i heilfigur, som kjem inn i bileteramma, blir der, og så går ut.
Det er for å insistera på situasjonen, insistera på at den er der, og insistera på det ein prøvar å beskriva.

Kva blir du inspirert av?
Ganske ofte av ting eg høyrar folk seiar. Eg reiser gjerne med tog og overhøyrer mange samtalar av andre passasjerar. Eg brukar å gjera snikopptak av folk som eg kan høyra på etterpå å skriva om til ein dialog. Å reisa er veldig fint for då får ein høyre kva folk sit og pratar om, men også at ein sjølv er i ein fin limbosituasjon, der ein ikkje er ein plass enno, det påverkar heile eins sinnestemning.

Har du nyleg sett ein film som du likte?

Det siste eg såg var Salo av Pier Paolo Pasolini.

Kva handla den om?
Den  utspelar seg i Italia under slutten av andre verdskrig, det er fire veldig rike menn som fangar inn ungdommar til å ta med til sitt gods for å utføre heilt sinnssjuke og ekstreme overgrep på dei under planlagde og regulerte former. Det er ein klassikar, og eit effektivt bilete på fascismen, heilt utroleg ekkel, men en bra film. Det som er bra med den er at den formidlar ting utan at det er heilt tydeleg kva den prøvar på, den har ein tydeleg anti-fascistisk patos men samtidig så er det ingenting som er opplagt. Det har tatt lang tid å fordøye den sidan den er så ekkel. Av og til så er det også bare noko ein føler med ein film at ein veit at det er noko her som er viktig, så tar det litt tid å finne ut kva det er.
 
Kan du fortelje litt om maten du har valt skal serveras etter filmvisninga di på Kantinekinoen?
Kortfilmen eg skal visa handlar om å reise. Eg har lært meg som barn å ikkje kjøpa mat når ein er ute å reiser, men å ha med seg ein gigantisk matpakke. Så kanskje det blir servering av ei god fersk matpakke etter filmen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar