mai 09, 2016


Kunstkantina gleder seg til å screene Maria Meinilds sitt verk på Rake Arbeidsfellesskap denne veka. Her er nokre av hennar tankar.

Kva skal du visa på Kantinekino den 11. mai?
Eg visar videoverket ”V.O.” frå 2014. I verket presenterer ei allvetande forteljarstemme ein privat heim som er ein scene for to karakterar medan den framfører deira indre og ytre dialog.

Kva ligg bak vala av dei objekta som er brukt i filmen?
Mange av objekta i filmen er etterlikningar eller masseproduserte ting som tildøme suvenirs, parykkar og plastikkblomar. Eg er veldig interessert i korleis me innrettar våre private heimar og ting me samlar på, for å skapa eit bilete av kven me er som menneske. Teksten i videoen er konstruert som ein collage av referansar til popkultur – høg som låg. Også her er det ei undersøking av korleis dei elementa påverkar våre personlege historier, og dei uuttalte felles forventningar og kodar som dannar grunnlag for vår private og sosiale interaksjon og identitet.

Kvifor har du valt å filma hjå familien din?
Videoen er filma i huset til far min som bur i ein forstad til København. Han er gamal sjømann og har mange suvenirs frå heile verda som eg har brukt som props i filmen. Eg har aldri sjølv budd saman med far min, han bur med sin nye familie, dei var på reise og eg lånte huset til å skriva manuskriptet ferdig og filma prosjektet.

V.O. kva står det for?
V.O. er ei forkorting av Voice Over, det er slik ein skriv det i eit filmmanus. Eg tykjar det er morosamt når ein les det i eit manuskript, at det ikkje er eit hierarki i teksten, ”V.O” blir til ein karakter med replikkar på likefot med dei andre.

Forteljarstemmen?
Det er mi stemme som er V.O.

Kan du fortelja kvifor du brukar amatørskodespelarar?
Eg brukar ikkje profesjonelle skodespelarar, men vener, kollegaer og kjente. Aktørane spelar og de-maskerast, og både fiktive og ”verkelege” relasjonar blir avdekka og det er denne mellomstaden eg tykkjer er interessant. Dei klossete amatørskodespelarane er med sin formelle keitete åtferd med på å skapa mystiske, transparente augeblikk, lada med betyding og emosjonell resonans. Dette kan eg ikkje oppnå gjennom å arbeida med profesjonelle skodespelarar, det ville vore eit heilt anna prosjekt.

Kva inspirerer deg?
Litteratur, film og samtalar med kollegaer.

Har du nyleg sett ein film du tykte om?
Eg såg Chantal Akerman sin No Home Movie her om dagen. Den er frå 2015 og vart hennar siste film før ho døde. Filmen byggjar på private samtalar med hennar mor, dei avbrytast av lange opptak frå mennesketomme landskap. Filmen klarar å beskrive noko utruleg intimt og gjer det til ein universell forteljing på ein veldig fin måte.

Kva slags mat skal serverast på Kantinekino etter screeninga?
Rekecocktail og musserande vin!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar