mai 31, 2016


Me møter Matilda Höög ein litt grå og regntung tysdag i mai i hennar utstilling på Galleri Storck i Oslo. Me er der for å sjå utstillinga, men også for å planleggje komande Kantinekino kvar ho skal vise kortfilmen ”Bestyr”. Soloutstillinga hennar på Galleri Storck heiter In Every Dream Home a Heartache. Tittelen er lånt frå ein song skriven av Bryan Ferry frå Roxy Music. På veggane i utstillingslokalet heng bilete som er teikna med svipenn på finerplater. Motiva er ei blanding av bilete funne på internett og private fotografi. I utstillinga er det og ein video prosjektert opp i eit hjørne av veggen. Videoen minner oss om å sjå skuggar igjennom gardinene når det er natt ute.

Her er nokre av Matilda sine tankar omkring kva ho skal vise onsdag, 2. juni:
 
Kva skal du visa på Kantinekino?
Kortfilmen Bestyr som eg laga i 2015.
 
Dialogen mellom menneska i kortfilmane dine kjennes viktige. Både det som blir sagt, og det som er usagt mellom dei. Kan du seie noko om kvar du finn inspirasjon til desse dialogane? 
Ofte frå røynda, frå samtalar eg sjølv har hatt, ting eg har høyrt meg sjølv seie, eller som eg har overhøyrd på til dømes bussen. Nokre gonger inntrykk frå film, men oftast min eigen røyndom.
 
Kortfilmen du skal vise på Kantinekino er ikkje så lang, på same tid kjennest det som den rommar mykje, også fordi den byggjer opp under ei litt uhyggeleg og intens stemning. Kan du fortelje korleis du arbeidar med å byggje opp denne dramaturgien? 
Eg trur grunnen til at den følast lengre enn den er, er at det er ei einaste taking, det er ikkje noko klipping. Det får ein ofte til å føla at ting tek lengre tid enn dei gjer. Sjølv om det er realtid så er ein kanskje ikkje van med å sitje å stire på noko der det ikkje hendar så mykje (sjølv om det er noko som ein ofte opplever i røynda, men då på ein kanskje mindre bevisst måte). Eg er ganske glad i lange takingar, akkurat på grunn av dette. Eg likar når ein situasjon blir litt intensivert av at det tek tid, og ein byrjar å vera meir merksam på detaljar enn ein kanskje elles ville vore i ein meir tradisjonelt klippa film. Så eg let heilt enkle ting ta tid, instruerer skodespelarane om å ikkje ha det travelt med det dei skal gjera og seia, det blir ofte mange takingar før det sit.

Kan du fortelje om interessa di for å lage karakterar som ofte verkar einsame?
 
Det er vel noko som mange kan identifisera seg med, iallfall kan eg det. Eg er generelt ganske opptatt av det vanskelege med å leva, sjølv om ein eigentleg er ganske privilegert. Slik som eg har det sjølv.
 
Kva ynskjer du å få fram med å bruke verkemiddel som svart humor? 
Det blir litt for flatt og hardt viss ein bare har med det tunge og ikkje det humoristiske i noko. Det er ikkje truverdig, livet er ganske absurd og ofte er det ikkje einsidig. Eg vil at mine ting skal følast verkelege, at ein kan tru på det eller iallfall at det er ein oppriktig intensjon bak det. Og ting treff iallfall alltid meg mykje hardare viss ein ler samtidig som ein situasjon i grunnen er sår, vanskeleg og vond.
 
Både i kortfilmen Bestyr (2015) og Bröder (2011) er hovudpersonane to menn. Korleis er det å arbeide frå eit mannleg perspektiv?  
Hovudpersonane i mine filmar er oftast menn. Eg tykkjer det er lettare å identifisera meg med middelaldrande kvite menn, kanskje har det å gjera med korleis eg vaks opp, kanskje er det på grunn av den typen film eg har sett. Eg har alltid mykje vanskelegare for å identifisera meg med kvinner, både blant vener og i samfunnet generelt.
 
Brukar du profesjonelle skodespelarar? Kan du fortelje om dette valet? 
Ja, for det meste, men eg har også brukt meg sjølv og ein ven ein gong. Då føltes det rett, sidan historia var tilknytta han på ein måte, og det var meir ei historie. Det føltes rett å gjera det sjølv då. Men elles leitar eg etter typar, og det treng ikkje vera profesjonelle skodespelarar, det har bare vore enklare å bruka slike, då mitt kontaktnett av vener som eg faktisk skulle kunne spørja om å gjera ein slik ting (og som passar inn i rollene), er ganske avgrensa.
 
Kva inspirerer deg?  
Livet generelt. Samtalar, kvardag, møter, av og til ei eller anna bok eller film eller tv-serie. Ofte likar eg å berre gå rundt å fundera, åleine.
 
Har du nyleg sett ein film du tykte om? 
Ikkje nyleg. Viss eg går tilbake og sjekkar så var det «Moon» eg såg sist, som eg likte ganske godt. Før det såg eg ein film som heiter «Bullhead», ein belgisk film om ein fyr som veks opp og tek ein masse steroider for å kompensera for sin (sidan ein frykteleg hendelse i barndommen) mangel på testosteron, - same steroider som dei pumpar inn i tyrane på garden som han vaks opp på. Veldig bra film!!
 
Kva slags mat skal serverast på Kantinekino etter screeninga? 
Fransk potetsalat. Det har ikkje nokon relasjon til filmen, men eg tykkjer det er veldig godt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar